|
10 FAKTA OM BETALING OG PASSERING I BOMSTASJONANE PÅ NORD-JÆREN
1) Innkrevjing av bompengar i bomstasjonane på Nord-Jæren starta i 2001.
2) Bomstasjonane blir frå 15. september heilautomatiske. Det betyr at ein skal køyre rett gjennom – uansett.
3) AutoPASS-avtale med bompengeselskapet Nord-Jæren Bompengeselskap AS er den billigaste og enklaste måten å betale på.
Med ei slik avtale
- kan ein få inntil 40 % rabatt per bompassering.
- betalar ein for maksimalt 75 passeringar i månaden.
- betalar ein for berre éi passering i timen uansett kor mange bomstasjonar ein passerer i dette tidsrommet (timesregelen).
4) AutoPASS-avtale med Nord-Jæren Bompengeselskap AS kan ein teikne på www.brotunnel.no eller utvalde Esso servicestasjonar på Nord-Jæren.
5) AutoPASS-avtalen som mange teikna med Nord-Jæren Bompengeselskap AS då bomstasjonane opna gjeld framleis.
6) Dei som har AutoPASS-avtale og -brikke frå andre bompengeanlegg, til dømes bomringen i Bergen, bomringen på Haugalandet og Trekantsambandet i Sunnhordland, kan bruke denne i bomstasjonane på Nord-Jæren. Timesregelen gjeld også for dei, men for å få dei andre fordelane ved passering, må dei teikne ei lokal avtale med Nord-Jæren Bompengeselskap AS.
7) Dei utan AutoPASS-avtale betalar full pris (20 kr for liten bil, 50 kr for stor bil) for kvar enkelt passering.
8) Har ein ikkje AutoPASS, er det tre andre måtar å betale på:
- Ein kan betale på Internett (sjå link til web-betaling under Bomringen Nord-Jæren på www.brotunnel.no) innan 14 dagar etter passering
- Ein kan vente til ein får faktura i posten.
- Ein kan betale kontant på utvalde Esso servicestasjonar på Nord-Jæren.
9) Lyssignala i bomstasjonane viser anten grønt eller kvitt plussteikn ved passering. Grønt plussteikn betyr gyldig passering. Kvitt lysteikn betyr også gyldig passering, men varslar i tillegg om låg kundesaldo og at faktura for nytt forskot vert tilsendt. Ein får ikkje lyssignal viss ein passerer utan AutoPASS-brikke eller ikkje har betalt faktura.
10) Ein betaler bompengar heile døgnet alle dagar, også sundagar og heilagdagar.
|