|
Generelle avtalevilkår
1. Innleiande vedtekter
1.1 Eiksundsambandet AS gir Kunden rett til å nytte AutoPASS-brikka (Brikka) i alle bompengeanlegg eller andre transportrelaterte tenester (Anlegg) knytt til AutoPASS-avtalen (Avtalen). Brikka blir utlevert av brikkeutstskrivar (Utskrivar) eller forhandlar.
1.2 Avtalen inkluderer Generelle vilkår, Lokale vilkår, Avtale- skjema og Rettleiing. Ved motstrid gjeld ovannemnde rekkefølgje.
1.3 Kunden aksepterer dei vilkår som følgjer av Avtalen.
1.4 Kunden er sjølv ansvarleg for å halde seg oppdatert om kva for nokre Anlegg som er knytt til Avtalen. Informasjon kan ein få på www.autopass.no eller telefon 02012.
1.5 Kunden sitt bruk av Anlegg som er knytt til Avtalen, blir belasta Avtalen.
1.6 Eiksundsambandet AS har rett til å belasta Avtalen for bruk av Brikka i andre Anlegg knytt til Avtalen dersom Kunden ikkje har reservert seg mot dette (jf.Avtaleskjema). Eiksundsambandet AS er betalingsformidlar.
2. Avtaleperiode
2.1 Avtalen er gyldig frå den startdato som er angitt i Avtalen, tidlegast frå dato for underskrifta til Eiksundsambandet AS sin forhandlar.
2.2 Avtalen er gyldig inntil ein av partane skriftleg seier opp Avtalen eller at Brikka blir returnert.
3. Kunden sitt ansvar
3.1 Dei ulike typar avtaler og betalingsordningar ein kan teikne, framgår av Avtaleskjemaet framme. Eiksundsambandet AS sine takstar samt depositum for Brikka blir fastsatt av offentlege styres-makter, og framgår av separat prisoversikt. Ved bruk av Brikka i dei andre Anlegga som Avtalen omfattar, skal det betalast gjeldande takst i det enkelte anlegg.
3.2 Kunden er ansvarleg for at opplysningar som er gitt i Avtaleskjemaet er korrekte.
3.3 Retten til bruk av Brikka føreset rettidig handsaming av krav frå Eiksundsambandet AS
3.4 Kunden kan ikkje nytte Brikka i andre motorvogner enn det som er angitt i denne Avtalen.
3.5 Passeringar skal skje i felt merka med AutoPASS eller felt for elektronisk lesing.
3.6 Montering og bruk av Brikka skal skje i samsvar med instruksjonar gitt av Eiksundsambandet AS
3.7 Kunden skal melde ein kvar endring i køyretøydata, innan tre verkedagar etter at slik endring har skjedd. Slike endringar skal imidlertid ikkje skje hyppigare enn kvar tredje dag.
3.8 Verken Avtalen eller Brikka kan overførast til andre.
3.9 Kunden er betalingsansvarleg for bruk av Brikka hjå kvar Operatør knytt til AutoPASS-tenesta fram til retur eller meddelt tap av Brikka uansett om han sjølv nytter eller lar andre nytte Brikka.
4. Eiksundsambandet AS sine plikter
4.1Når Avtalen er akseptert skal Kunden betale depositum og motta ei Brikke, dersom Kunden ikkje har slik Brikke frå før.
4.2 Eiksundsambandet AS skal tilby Kunden informasjon vedrørande AutoPASS-tenesta og bruk av denne.
4.3 Det blir gitt grønt eller ikkje noe lyssignal ved godkjent passering. Gult lys blir gitt ved ubetalt /ugyldig avtale, manglande brikke, feil på brikke eller feilaktig montering, og utløyser automatisk videofotografering. Kvitt lys varslar godkjent passering, men at innbetalt forskot snart er oppbrukt. For vidare bruk av tenesta må ny faktura betalast eller trekk på Kundens konto bli gjort av Eiksundsambandet AS I automatiske stasjoner kan andre lyssignal inntreffe (se Lokale vilkår)
4.4 Dersom Eiksundsambandet AS gjer feil ved registrering av kjøretøydata kan Kunden krevje Eiksundsambandet AS for dekning av feilaktig betalt krav.
5. Tilleggsavgift og misleghald
5.1 Brot på Avtalen kan medføre tilleggsavgift for Kunden.
5.2 Klage på tilleggsavgift skal alltid rettast skriftleg til det selskap som har skrive ut tilleggsavgifta.
5.3 Dersom kunden gir feil opplysningar om kjøretøydata slik at Eiksundsambandet AS blir påført tap, kan Kunden etterskotskrevjast for det tap Eiksundsambandet AS er påført.
5.4 Eiksundsambandet AS har rett til å heve Avtalen dersom Kunden vesentleg mislegheld dei plikter som følgjer av Avtalen.
6. Tap, skade eller tjuveri av Brikka
6.1 Kunden er ansvarleg for all oppbevaring og bruk av Brikka. Ved tap, skade eller tjuveri blir ikkje depositumet refundert.
6.2 Kunden er ikkje betalingsansvarleg for bruk av Brikka dersom Brikka eller køyretøyet er tatt frå Kunden ved tjuveri. Dette føreset at Kunden ikkje var uaktsam ved oppbevaring av Brikka samt at forholdet blir anmeldt.
7. Oppseiing av Avtalen
7.1 Kunden har til ei kvar tid rett til skriftleg å seie opp Avtalen med Eiksundsambandet AS
7.2 Avtalen kan overførast til ein annen Utskrivar dersom Eiksundsambandet AS legg ned si verksemd. Melding om nedlegging vil bli gitt seinast 3 månader før Eiksundsambandet AS avsluttar si verksemd.
7.3 Ved oppseiing vil unytta, innbetalt forskot bli refundert Kunden, i henhold til Lokale avtalevilkår.
8. Endringar i Avtalen
8.1 Eiksundsambandet AS kan foreta mindre endringar i Avtalen. Gjeldande versjon av Avtalen finn ein på www.brotunnel.no, hjå Eiksundsambandet AS og hos Eiksundsambandet AS sine forhandlarar. Vesentlege endringar skal kunngjerast eller sendast skriftleg til Kunden. Nemnde endringar trer i kraft ved første etterfølgjande betaling av faktura, eventuelt trekk på Kunden sin konto hos Eiksundsambandet AS
8.2 Endringar i avtaleperioden vil berre kunne skje som følgje av politiske styresmakter sine vedtak eller andre ekstraordinære forhold utanfor Eiksundsambandet AS sin kontroll. Slike endringar vil kunngjerast seinast 4 veker før endringa trer i kraft. Endring av takstar og andre priser blir annonsert i samsvar med vedtak gitt av Samferdselsdepartementet og Statens vegvesen.
9. Personvern
9.1 All bruk av Brikka vil bli registrert i samband med betalingskontroll, framstilling av anonymisert statistikk, og eventuelle opplysningar til Kunden. Registreringa skjer i tråd med personopplysningslova sine vedtekter.
9.2 Brikka kan nyttast for anonymisert datainnsamling. Dette skal utførast utan at personopplysningar blir handsama.
9.3 Nærare informasjon om handsaming av opplysningar om Kunden, kan ein få ved å kontakte Eiksundsambandet AS. Opplysningar om Kunden blir nytta berre til å administrere AutoPASS-tenestene. Opplysningane om Kunden kan bli utlevert til operatører av AutoPASS-tenestene.
9.4 Opplysningar om kvar enkel AutoPASS-passering blir sletta så raskt som mogeleg etter at faktura er betalt. Ved tvist om betalingsplikta blir opplysningane oppbevart inntil kravet er gjort opp eller rettsleg avgjort.
10. Kommunikasjon
10.1 Førespurnader frå Kunden til Eiksundsambandet AS vedrørande Avtalen, Brikka mv. skal sendast skriftleg pr. brev, telefaks eller e-post til adressa som er oppgitt på Avtaleskjemaet.
10.2 Med mindre anna er omtala i Avtalen skal meldingar frå Eiksundsambandet AS til Kunden vedrørande Avtalen sendes pr. post eller e-post til adressa oppgitt i Avtaleskjemaet. Meldingar kan også inkluderast i fakturautsendingar og eventuelle purringar.
10.3 Reklamasjon på belastning av passeringar må framsettast seinast 30 dagar frå det tidspunkt då Kunden fekk kunnskap om belastninga. For passeringar i utlandet må reklamasjon skje seinast 60 dagar etter passering. Rettslege tvistar vedrørande reklamasjon skal avgjerast ved domstolen der Operatøren har si adresse.
Spesielle avtalevilkår
Rv.653 Eiksundsambandet
1. Avtalen sitt omfang
1.1 Privatpersonar kan registrere maksimum to bilar pr. avtale. Firma kan registrere så mange bilar dei ønskjer på ein avtale, så framt at køyretøyet er registrert på same gyldige organisasjonsnummer. Ein krev éi brikke pr. bil og det må betalast kr 200 i depositum pr. brikke.
1.2 AutoPASS-brikken er i seg sjølv ikkje eit bevis for gyldig avtale. Betalt faktura og korrekt montert elektronisk brikke gir rett til rabattert passering av bomstasjonen på Rv.653 Eiksundsambandet.
1.3 Passeringar som framleis står ubetalt etter varsling kan bli ilagt tilleggsavgift i samsvar med forskrifter godkjent av Samferdselsdepartementet.
2. Faktura og avregning
2.1 Det blir sendt faktura for den rabattsats som er kryssa av for i avtalen, samt eventuelt brikkedepositum. Forskotsbeløpet blir rekna ut frå høgaste registrerte takstgruppe.
2.2 Alle passeringar skal væra førehandsbetalte. Ikkje motteken faktura eller varsel fritar ikkje kunden frå plikta til å sørgje for at avtalen er gyldig ved passering av bomstasjonen.
2.3 Passeringar blir avrekna fortløpande med den rabattsats som er valt i avtaletype.
2.4 Ny faktura sendes når det er ca. 25% igjen av forskotsbeløp for den rabattsats som er valt i avtaletype.
3. Endring i avtale
3.1 Kunden er ansvarleg for at dei opplysningane som er gitt i avtaledokumentet er korrekte. Alle endringar i avtalen, slik som byte/sal av bil, avtaletype eller adresse, skal meldast skriftleg til Rv. 653 Eikundsambandet.
3.2 Kunden er ansvarleg for å fjerne brikka ved sal eller avhending av køyretøyet. Brikka kan då bli overført til nytt køyretøy eller kan returnerast Rv. 653 Eiksundsambandet for sletting av informasjon.
3.3 Det er ikkje høve til å overdra avtalen til andre personar eller selskap.
3.4 Kunden er til ei kvar tid ansvarleg for bruken av den utleverte brikka og plikter å gi melding til Rv. 653 Eiksundsambandet snarast dersom ein mister brikka eller den blir stolen.
4. Refusjonar
4.1 Det beløpet som står att av innbetalt forskot blir refundert ved oppseiing av avtale. Depositum blir refundert for uskada AutoPASS-brikke. Dersom kontonummer ikkje er oppgitt i avtalen, vil beløpet gå til den konto som forskotsbeløpet sist blei betalt frå. Lågaste beløp som blir refundert er kr 50,-.
5. Lyssignal
5.1 Grønt lys betyr gyldig passering.
5.2 Kvitt lys betyr gyldig passering, men varslar også om at forskotsbeløpet snart er oppbrukt og at ny faktura er undervegs.
5.3 Manglande lys kan skuldast at avregningssaldo er null. Saldo blir opplyst på www.brotunnel.no. Ved feil på brikka må Rv. 653 Eiksundsambandet kontaktast.
6. Takstar
6.1 Kundens saldo blir belasta med den pris som berekna utifrå dei til ei kvar tid gjeldande takstar.
6.2 Takstar pr. 23.02.08 følgjer i tabell under.
|
Rabatt |
Liten bil
(tillatt totalvekt t.o.m. 3.500 kg) |
Stor bil
(tillatt totalvekt f.o.m. 3.501 kg) |
|
Forskuddsbeløp |
Pr. passering |
Forskuddsbeløp |
Pr. passering |
|
0 |
|
76,00 |
|
228,00 |
|
30% |
1.064,00 |
53,20 |
3.192,00 |
159,60 |
|
40% |
2.736,00 |
45,60 |
8.208,00 |
136,80 |
|
50% |
6.840,00 |
38,00 |
20.520,00 |
114,00 |
|