|
|
| |
|
Bomringen i Bergen - Ombygging av bomstasjonen i Sandviken
|
Tilbake
|
Etter at bomstasjonen i Sandviken har vore påkøyrt to gonger, heldigvis utan personskader, er det vedteke å byggje denne om, slik at stasjonen kan funksjonere med to ordinære felt utan midtdelar. Dette medfører for det fyrste betre gjennomkøyringsforhold i bomstasjonen, men ombygginga vil også gje vesentleg betre tryggleik mot påkøyring av vegkantutstyret (portalane og AutoPASS-utstyret over køyrebana), som i ny løysing blir plassert på sidearealet mot aust. - Ombygginga startar om kort tid og skal etter planen vere fullført innan utgangen av oktober månad. Arbeid som krev at eitt køyrefelt må stengjast, vil pågå i helgene frå fredag ettermiddag til mandag morgon. Ombygginga vil medføre at vegkant på vestsida må justerast, slik at det i ein periode også vil bli trong passasje gjennom stasjonspunktet på dagtid. Vi ber trafikantane vere tolmodige og rette seg etter arbeidsvarslinga på staden.
|
|
|