Pressemelding fra Statens Vegvesen 12.08.09
Automatiske bomstasjonar på Jæren frå 15. september
Frå 15. september blir alle bomstasjonar på Nord-Jæren automatiske.
Det betyr at:
- alle manuelle myntfelt blir stengt – det blir ikkje muleg å betale med myntinnkast
- alle skal køyre i dei same felta – sjølv om dei ikkje har brikke
Køyring MED AutoPASS-brikke
Viss du har AutoPASS-brikke, skjer det ingen forandring. Du skal køyre gjennom bomstasjonen som før.
Køyring UTAN AutoPASS-brikke
Viss du ikkje har AutoPASS-brikke, skal du berre køyre gjennom bomstasjonen. Registreringsskiltet blir fotografert ved passering, og eigar av bilen får faktura i posten.
Dersom du ikke ønsker å vente på faktura i posten, kan du betale på internett (www.brotunnel.no) innan 14 dagar etter passering.
Du kan også betale kontant innan tre virkedagar på ein av 14 Esso-stasjonar frå Vikeså i sør til Tjensvollkrysset i nord Stasjonane er merka ”Servicestasjon.”
Nye lyssignal
Du vil nå sjå nye lyssignal ved passering.
- grønt = gyldig AutoPASS-avtale.
- kvit = låg saldo. Faktura er på vei.
- ikkje lys = du har ikkje avtale /avtalens gyldighet utgått. Faktura blir tilsendt.
AutoPASS-avtale gir rabatt
Med en AutoPASS-avtale hos bompengeselskapet, får du opptil 40 % rabatt.